Back to All Events

Boklansering: Kva ser vi - kva gjer vi

  • Litteraturhuset i Bergen Østre Skostredet 5 5017 Bergen (map)

Vi inviterer til boklansering av Kva ser vi - kva gjer vi

Denne boka er meint å gi kunnskap og hjelperåder. Det er lagt vekt på handlingskompetanse, det vil seie å gi oversikt over reglar og døme på god praksis. Det handlar til dømes om korleis ein kan auke sensitiviteten sin overfor barna, om korleis ein skal involvere kollegaer og leiing, og om samtalemetodiske grep i møte med barna og foreldra. Det blir òg gitt ei oppdatert innføring i ny kunnskap om konsekvensane av omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep.

Inge Nordhaug er klinisk sosionom i barne- og ungdomspsykiatri og er tilsett ved RVTS Vest. Han arbeider til dagleg med alvorleg omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Han har i mange år undervist i temaet for lærarar i barnehage og skule og på universitet og høgskular.

Earlier Event: September 4
Boklansering: Gunstig Intelligens
Later Event: September 10
Boklansering: Elevenes psykososiale miljø