Fem tips til effektiv språkundervisning

09 Tegner plansje.jpg

Av: Toril Kristin Sjo

Vitskapen om korleis ein lærer best og mest effektivt, er i stadig utvikling. Korleis kan vi nytta dette i språkopplæringa? Her får du fem tips til korleis du kan gjera språkundervisninga di meir effektiv og oppdatert.

  forfattar Toril Kristin Sjo

forfattar Toril Kristin Sjo

Eit av dei viktigaste grepa me kan gjera i læringsrommet, er å endra praksis frå lærarsentrerte til innlærarsentrerte læringsaktivitetar. Me har for lengst gått bort frå å sjå på læring som enkel påfylling av kunnskap frå lærar til innlærar. Eit meir oppdatert syn på læring omfattar learning by doing og ein utforskande innlærar som sjølv konstruerer si eiga læring i interaksjon med andre.

Det same gjeld for språklæring. Språket til innlæraren, altså det vi kallar mellomspråket, er eit eige, regelstyrt språk som utviklar seg gjennom omfattande bruk. Føresetnadene for å bruka og dermed utvikla mellomspråket er både eit trygt og inkluderande læringsmiljø og rikeleg høve til meiningsfull og relevant tileigning (input) og produksjon (output) innputt, utputt, interaksjon og forhandling.

Her er fem tips som kan bidra til å gjera språkundervisninga meir effektiv og i tråd med nyare kunnskap om læring.

AKTIVT OG INKLUDERANDE
Skap eit trygt og inkluderande læringsmiljø

Korleis ein kjenner seg i læringssituasjonen, er avgjerande for læringsresultata. Bruk arbeidsmetodar som byggjer på prinsipp for læring i grupper der mellom anna både individuelle bidrag og deling av kunnskap er vesentleg. Sørg for at flest mogleg er aktive i eiga læring på same tid. 

OFTE OG MYKJE
Sørg for rikeleg høve til meiningsfull språkbruk

Det vil seia rikeleg høve til input, output og meiningsfull interaksjon. Gjennom å lesa, lytta, sjå filmar og anna, og deretter dela inntrykka med kvarandre etter gode gruppelæringsprinsipp, får innlærarane høve til alt dette. Det er (nesten) aldri rikeleg nok! Skal ein bli god i noko, må ein gjera det ofte og mykje.

OPE OG AUTENTISK
Still opne spørsmål du ikkje veit svaret på.

Språklæring handlar ikkje om å produsera korte, korrekte faktasvar, men å utvikla ei evne til å formulera eigne meiningar og å forstå andre.

TOLERANT OG UTFORSKANDE
Bruk feil og avvik til å forstå og støtta språkutviklinga

Skap toleranse for feil og forståing for kvifor feil er ein viktig del av all språkutvikling. La innlærarane bli med på å utforska både det som er korrekt, og det som avvik. Feil er ikkje noko ein kan unngå, men dei kan fortelja både læraren og innlæraren mykje om språkutviklinga. Både læraren og innlæraren har nytte av å forstå kva innlæraren kan, og samstundes utforska avvika i mellomspråket.

RETT NIVÅ OG RETT TID
Gi tilbakemeldingar og framovermeldingar som styrkjer språkutviklinga

Rikeleg høve til meiningsfull input og output bør utgjera ein stor del av språkundervisninga. Men merksemd rundt dei formelle trekka ved språket i undervisninga kan bidra til å auka tempoet i språkinnlæringa hos innlærarane. Forsking viser at merksemd rundt form har best læringseffekt når ho dukkar opp på rett nivå og til rett tid, og når tilbakemeldingar og framovermeldingar tek utgangspunkt i det faktiske og potensielle nivået til den einskilde innlæraren.

Arbeid med formelle trekk kan gå føre seg på ulike måtar og kan like gjerne vera knytt til dei skriftlege eller munnlege tekstane til den einskilde innlæraren, til forhandling, til utforsking og til interaksjon mellom innlærarane som til førelesing og grammatikkforklaringar frå læraren. I interaksjon med diskusjon og forhandling har innlærarane ofte meiningsfulle samtalar om form.


Du finn fleire tips til norskopplæringa i boka Din tur! Metodebok for aktiv norskopplæring  av Toril Kristin Sjo.

Toril Kristin Sjo er førstelektor i norsk som andrespråk og underviser i norsk for internasjonale studentar ved Universitetet i Oslo. Ho har halde ei rekkje kurs for lærarar i både grunnskulen, vaksenopplæringa og høgare utdanning. Ho har i dei to siste åra budd i Paris og undervist i norsk (A1–C1) ved universitetet Sorbonne.